torsdag 15. september 2016

Utfordringa ved å høyre dårleg og delta på førelesing

Bråvakna halv 7 av at Teeko fyrst brukte senga som trampoline for så å hoppe ned på golvet og brukte golvet som klorematte! Stakkars meg måtte stå opp i halvsvime for å sleppe han ut.. Fekk ikkje eingang festa kjettinga skikkeleg før han satte seg i posisjon og skaut ut med full kraft!
Slapp han innatt og kollapsa på senga ein time til før eg måtte gjere meg klar for skule.. Rakk i det minste å ete frukost denne gangen.

Hadde ein lunsjdate i kantina med Nina. Det var deilig å berre slappe av og nyte maten med ei god venninde før eg måtte heimatt.

Ein ting eg tenkte over medan eg venta på at lunsjdaten min skulle kome, var kor merkeleg det var å oppleve utfordringar med høyrselen min.. Eg har i bunn og grunn aldri hatt nokre problem eller utfordringar med den i henhald til skule og førelesarar, men følte litt på det i dag..
Dei verkar lite villig til å gjenta spørsmål som medstudentar kjem med, så eg sit der da og får med meg førelesarane sine svar, men korleis skal eg skjøne det dei svarar på når eg ikkje får med meg spørsmålet? Det er kanskje ein liten bagatell for folk flest, men for meg er ikkje det noko kjekt.. Det gjer at eg vert "redd" for å stille mine spørsmål, i frykt for at det allereie har vorte stilt og det berre var eg som ikkje fekk det med meg.
Det at når eg spør om førelesaren kan gjenta spørsmåla fordi eg ikkje får med meg spørsmåla, og førelesaren seier at det har ikkje han tid til eller at det går ikkje an fordi han då aldri kjem gjennom førelesinga i tide.. Kva svar er det? Det er jo ikkje berre EG som slit med å få med meg spørsmålet, fleire i klassa høyrer ingenting fordi nokren pratar veldig lavt.
Ja, eg har krav og mulegheit til å få mikrofonar, men kvifor skal eg det når medstudentane ikkje kjem til å bruke dei og førelesaren gjev TYDELEG(mi kjensle) uttrykk for at det ikkje er han sitt problem at eg ikkje får med meg kva som vert sagt.. Greitt, det er jo ikkje deira problem, eg sit ikkje her å legg skulda på dei, men for faen, kor ubehageleg er det ikkje for meg å føle meg til bry fordi eg har ei høyrselshemming eg ikkje kan gjere noko med?! Det er ekstra vanskeleg fordi eg ALDRI har støytt på denne utfordringa før, båe ved HiSF og HiVolda tok dei hensyn og forsikra seg om at eg fekk med meg undervisinga, eg følte at det var greitt, det var ikkje til hinder for dei at eg stilte spørsmål i etterkant eller at dei måtte gjenta ting for at eg skulle høyre.. No fuckings problem! Men eg vert litt provosert, litt forbanna og litt nærtakande når eg då må oppleve det no, spesielt fordi det verkar som at dei ikkje har "tida" til å ta seg bryet når eg fyrst seier i frå og kjem med ulike forslag..
Det er kanskje berre eg som er idiot og egoistisk, men pokker heller! Viss eg opplev det, kor mange andre er det vel ikkje då som har opplevd eller opplev det same her ved UIA?
Eg har fullstendig forståelse for at dei jobbar innanfor stramme tidsrammer og har mykje å førebue til neste time, men kor mykje av tida dykkar går det eigentleg ved å gjenta nokre spørsmål?  Eg framstår kanskje som storkrevjande når eg seier alt dette, litt hensynslaus og sjølvsentrisk, men er det verkeleg for mykje å be om?

onsdag 14. september 2016

Frustrerande filosofi og ein formidabel spakveld

I dag hadde eg STORE planar om å stå opp i gry-otta for å gå tur med Teeko før skule, men HAH, det gjekk jo rett i dass! Vakna rundt 8 å kom plutseleg på at FAEN skulen byrjar om 1 time! I full panikk heiv eg meg ut av senga, heiv Teeko ut og festa han i kjettinga, for deretter å springe med flesket på lufting rundt omkring i hybelen!

Sprang rundt å fylte på matskåla til Teeko, fylte på nytt vatn til Teeko, henta inn Teeko, låste dørene på dei romma Teeko ikkje skulle rasere, såå kunne eg endeleg få rauva ut gjennom døra og starte på skuledagen! Midt opp i heile morgonstresset gløymde eg båe vatn og frukost til meg sjølv, overraska over at eg i det heile tatt hugsa å ta på meg klede.. Turen gjekk då innom Rema 1000 for å kjøpe Battery(energidrikken), vatn og bollar. Energidrikken kasta eg då eg kom til skulen og bollane likte eg visst ikkje, waste of money!

Eg må ærleg innrømme at det me hadde om i filosofi i dag(Platon, Gorgias), gjekk meg hus forbi! Filosofihistorie, viss det i det heile tatt er det me har om, er ikkje mi sterke side!
Men imorgo har me logikk, fem ganga betre!

Då eg kom heim, var Teeko urovekkande glad og nøgd! Eg mistenkte med ein gang at han hadde funne på noko sprell og faenskap! Kjem inn på kjøkkenet og ser tørrforet ligg spreidd til alle kantar, men det gjer han kvar gang så det var ikkje noko sjokk! Det som var mest urovekkande var at han ikkje hadde gjort noko gale, kva feilar han hæ? Det er jo ikkje normalt!

Anyways, me chilla resten av dagen, heilt til eg kom på at eg skulle jo på SPAKVELD!
Heldige meg hadde fått invitasjon av Nina til spakveld!
Turen bar då til Varodd for ei spa-oppleving med Herbalife, her fekk me prøve ulike kremar, ein skrubb og ei maske for ansiktet, eg skal love deg at det svei! Trudde nokren hadde putta små glasskår i kremane for å kødde med oss, men det var visst normalt og ansiktet mitt såg normalt ut så det var vel det! Etter nokre intense øktar med krem, skrubb og ei maske så stiv som botox, kjente eg meg oppfriska og fin i huda. Me avslutta med ein nattkrem som eg no 2.5 time etterpå enda kjenner at eg har på, det er seriøst som at eg har smurt inn ansiktet med grisefett!
Sjølvsagt måtte eg kjøpe ein krem, skrubb, maske og ein shampoo, det lukta jo heilt sveinandes fantastisk! Diverre fekk eg ikkje tatt nokre bilete mens eg såg ut som Jim Carrey i filmen  "Masken", men eg skal ta bilete neste gang, eg ser tross alt heilt utruleg deilig ut med den på!

No har eg kasta i meg kveldsmat, eit par snusar og ein god rasjon med hundehår. Einaste som står att er å pakke skulesekken til i morgo, så skal eg leggje meg!

fredag 12. august 2016

Hyggeleg telefon, bakedag og klessnora si evige kamp mot vinden

Eg starta dagen i dag med å få ein telefon frå kommunikasjonsansvarleg i Skolenes Landsforbund, han spurte om løyve til å leggje ut eit utdrag av blogginnlegget mitt, der eg skreiv om kjensla eg fekk i etterkant av å stryke i forkurset i matematikk. For meg var det heilt rart, det at innlegget eg skreiv skulle få så stor merksemd hadde eg aldri sett føre meg! Det var utruleg kjekt å høyre at han likte det eg skreiv. Det kjennast så stort ut for meg at nokon frå SL(skolenes landsforbund), mitt eige forbund, fattar interesse for det "lille meg" skriv!
Eg håpar dette bidreg til at enkelte opnar augene sine og ser kva som har hendt og kva som eventuelt vil hende med lærarutdanninga..
Til dei av dykk som kanskje sit å kjenne skam eller frustrasjon over at dykk strauk, ikkje gjer det, dykk er ikkje aleine og det er mange som skjønar kvifor det hende! Det er ikkje dykkar feil at visse personar meinar at lærarutdanninga er for dei "mest" motiverte og "best" kvalifiserte, og at dei av den grunn båe hevar karakterkravet OG føre inn 5-årig master.. Herre, at det er mogleg!



Etter kvart som føremiddagen sluntra av garde baka eg brownies, den vart imponerande god! Det såg ut som at eg hadde opna ein kakaopakke og prøvd å male heile kjøkkenet brunt, men in the end var det vert det!





Eg fekk óg baka nokre kvitløksbaguettar og brød. Det må eg seie, det er verkeleg ikkje enkelt å lage fine baguettar! Baguettane ser så heimelaga ut at eg trur eit born hadde forma dei betre enn meg, dei liknar IKKJE på kvitløksbaguettar for fem flate øyre.. Eg har fortsett til gode å smake på dei!
Eg ringde og spurde eine broren min om korleis eg skulle lage kvitløksblandinga, joda, han gav meg ei flott oppskrift og eg satt i gang med å blande. Fingrane vart klisne og det stinka kvitløk heilt til Danmark! Kry som ei høne ringde eg han opp att og fortalde om den vellukka blandinga, trur ikkje dykk han då seie; "No kan eg fortelje deg at du kunne brukt visp"! Å herre moses, takk for den! Han gjorde det så absolutt med vilje!



Dei 2 brøda eg baka var med kulturmjølk. Medan eg sto og knadde deiga i hel, syntest eg den aldri vart ferdig med å henge seg fast i fingrane mine, strødde på mjøl og styra på, PANG så slo det inn at "oja, pokker", det er jo kulturmjølk i den, sjølvsagt vil det vere klissete! Der sto eg, følte meg dum som eit brød.. Ironisk nok var brødet smartare enn meg..
Dei vart ferdige og ligg no å gjer seg deilige på omnen, lite veit dei at eg skal ete dei i morgo! HAH..

I mellomtida medan eg haldt på å bake
meg halvt i hel, måtte eg pinade springe skytteltrafikk ut og inn døra, klessnorene mine låg velta på bakken med jamne mellomrom.. For dykk skjønar det, at det inneber ein viss risiko å la kleda henge på tørk ute! For kvar gang eg gjekk inn, kom vinden susande rundt hushjørnet og blas klessnorene mine ned, snakk om å vere slem mot dei som er mindre enn ein sjølv.. Medan vinden flira rått og flaug vidare måtte eg springe ut og trøyste dei stakkars klessnorene, der dei låg så sårt på bakken og grein etter hjelp. Eg hadde diverre ikkje tida til å ry av vinden sidan deiga låg inne og venta på at eg skulle kjevle den ut, men neste gang kjære vind..

onsdag 10. august 2016

Gårsdagens sintebesta og roadtrip for å roe nervane

Var ein heftig dag i går, då alt starta med forbanning over korleis regjeringa(enkelte i regjeringa) kan vere så einsforma at dei ikkje ser kva slags konsekvensa deira sine handlinga kan utgjere.. I rasande sinne skreiv eg eit innlegg om det at eg strauk på forkurs i matematikk, at dette innlegget skulle få så stor merksemd hadde eg aldri trudd, og ikkje minst dei positive tilbakemeldingane eg har fått for det eg skreiv, heilt fantastisk! Tusen takk!

Etter eg hadde skrive innlegget og fekk roa meg litt ned, fann eg ut at no skal me på roadtrip! Eg og Teeko sat oss i bilen, klar for nokre tima med køyring, pakka med maten hass, leike og litt diverse me kunne kose oss med.



Det eg IKKJE var klar over, var det at å køyre på roadtrip her nede innebér å køyre i 10-15 minutt så vipps, er me framme! Endte opp på Flekkerøya (trur eg), mot Skålevik, parkerte ved noko som såg ut til å vere ei gammal kai(om det var det veit eg ikkje), me gjekk å snusa og såg oss litt rundt, merka det var utruleg godt for sjela å berre slappe av, nyte stillheita og kjensla av å berre vere oss to.




Teeko verka så glad og lukkeleg medan me gjekk rundt, han snusa overalt og markerte her og der, stolt som ein hane over å kunne vere konge over fleire territorier!






Men så måtte han visst tømme ryggen, då kom eg på den eine tingen eg hadde gløymd, bæsjeposa! Herre at det er mogleg.. Men heldigvis for meg, tømde han seg midt i ei grastue med utruleg høgt gras slik eg slapp å tenkje så altfor mykje på det, men fekk dårleg samvit av å gå der i frå utan å plukke med meg..

Før me skulle setje oss ned for å ete, sprang me litt rundt og leika på "kaia", rett og slett naut livet før realiteten enda ein gang skulle setje sine spor.









 Eg kan ikkje nekte på at det er ein fin hund eg har, det er nesten låkt å tenkje på det, berre synd han er så stor i kjeften som han er..



Planen var jo å ete middag ute i friluft, men det blas noko så inni hampen at me hoppa inn i bilen for å ete uten frykt for at maten vart teken av vinden!

   
Lasagne frå Meny til meg og hundemat med litt snop til Teeko.
Henta ein pakke frå ho mor og han far på heimvegen, og eg skjønte ikkje kvifor Teeko var så heise oppteken av den pakken, snusa og snusa, haldt på å rive heile pakken overende i bilen.. Han var heilt vill, men sjølvsagt eg fann ut kvifor då eg opna den!
Det låg ein pakke frå DoggieBag der, of course! Han var heilt frå seg av glede over pakken!

Eg trur han likte sjøhesten best, leika mykje med den i går og enda meir med den i dag. Hiv den rundt, knørvar den i golvet og sleikar den rein.



tirsdag 9. august 2016

Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk.

Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk.
Eg er ein av dei som mistar den utdanninga eg vil ta.
Eg er ein av dei som er meir praktisk anlagt enn teoretisk.
Eg er ein av dei som hadde ein 3'ar istadenfor 4.
Eg er ein av dei som mista all motivasjon til å faktisk prøve.
Eg er ein av dei som ikkje lengre kunne glede meg over å starte der eg ville.
Eg er ein av dei som mista sjansen, mista mulegheita og ikkje minst den lille draumen.

Eg sat i sofaen her no og kom over ein artikkel som skolenes landsforbund la ut på si side, "går glipp av mange dyktige lærere".
Det er ikkje ei god kjensle å lese at så mange som 367 personar MISTA sjansen sin til å verte lærarar, og det å vite at eg er ein av dei! Eg har sutte heile ferien og visst at eg kom til å stryke, og ja, eg strauk! Men kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, kvifor skal eg som ikkje har planar om å vere matematikklærar ha 4?! Kvar er logikken i den samansetjinga?
Eg vil ha norsk, RLE, samfunnskunnskap, historie og til og med GEOGRAFI(som verkeleg ikkje er mi sterke side), eg er ikkje interessert i å undervise i matematikk, eit fag som treng sterke og praktisk dyktige lærarar! Kortid skal regjeringa sjå kva dei gjer med MI yrkesfaglege utdanning, kortid skal dei sjå at dei robbar meg frå sjansen til å verte ein helsikes DYKTIG lærar innanfor bl.a. norsk?!

Heldigvis hadde eg sikra meg på andrevalet, eg hadde ei tilnærma 100% vissheit om at eg kom inn på andrevalet, og det gjorde eg. Eg kom inn på årsstudium i filosofi, ved UIA.
Men kva skal eg gjer neste år? Det er jo neste år det er snakk om at lærarutdanninga verte obligatorisk masterutdanning.. For all del, det er vel og bra at lærarutdanninga verte meir i fokus, men for guds skuld, kva med meg? Kva med alle oss som synast det er hardt nok å skulle bestå ein bachelor, kvifor må me då måtte slite oss gjennom ein master?
Eg er praktisk anlagt, eg har det i fingerspissane, eg VEIT at eg kan verte ein ufatteleg god lærar, for det synast når eg jobbar med elevar, men korleis skal eg kunne bevise det når eg atter ein gang skal få eit slag i trynet neste år?
Når eg neste år må ta ei masterutdanning, ein master, som for meg fortonar seg som å gå midtfjors på den tynnaste isen når det byrjar å verte vår, der du høyrer isen knirkar og åtvarar meg mot å ta neste steg. Der eg ikkje høyrer etter, eg tek neste steg og isen hadde rett, eg skulle ikkje gjort det, for no flyt eg nede på havbotnen utan mulegheit til å kome meg oppatt..

Eg er veldig glad på vegne av dei 118 sjelene som besto, eg unnar dei alle hell og lukke i utdanninga si. Eg skulle ynskje eg var ein av dei. Ikkje det at(beklager om nokren vert fornærma no) læraryrket er min absolutt store og gedigne draum, men det er ein veldig viktig veg for at eg skal kome meg dit eg vil.

Det er kanskje mange som vil reagere på det eg skriv, det er sikkert mange som vil seie at eg er lat, at eg burde prøvd hardare, "Du hadde klart det om du berre prøvde", men kvifor skal eg måtte ha eit krav om å prestere hardt i matematikk når det ikkje er den greina eg vil undervise i? Som leiaren i skolenes landsforbund, Anne Finborud, tidlegare har nemnt: at det er fullstendig meningsløst å velge ut matematikk som et "guddommelig" fag for læreryrket.

Beklager for dei av dykk eg har skuffa, beklager for at eg ikkje nådde opp til det dykk hadde forventa av meg, beklager for at eg valde å ta eit standpunkt, beklager for at eg valde å stå imot presset dykk gav meg, beklager for at dykk ikkje visste kor demotiverande og leit det var for meg å høyre: "Det er ikkje noko problem for deg", "du må berre gjere ditt beste", "du må jo prøve"!

Takk for at dykk valde å ikkje forstå det eg ville fram til, takk for at dykk gjekk imot istadenfor å støtte, takk for at den konsekvensen eg no får av å ikkje bestå, kjem til å henge over meg, og til sist men ikkje minst, på førehand takk for at dykk ikkje kjem til å dømme meg for dei vala eg tok.

Men dette er ikkje slutten på mi historie, eg gjorde eit klokt val ved å ta filosofi, eg kan drage nytte av dette faget i mange andre fag og utdanningar. Min KAMP er ikkje ferdig, eg vil kjempe med nebb og klør for å kome meg dit eg vil. Uansett kva, det er ingen og då meinar eg INGEN, som kan stoppe meg frå å oppnå det eg vil!(Forutenom om meg sjølv).

lørdag 6. august 2016

Sein morgon, interessant film og skrivarproblem

Hadde store planar om å stå opp i gry otta i dag, men sidan dinna rauva her ikkje la seg før i 3 tida på natta, vart ikkje det noko av. Vakna i 11-12 tida, klar for ein ny tur til Sørlandssenteret!

Klar for mitt nye liv med trening og vektnedgang, høyrer det med å ha elementa for å kunne nå eit idealmål.. Kor mykje eg faktisk kjem til å bruke desse er ei heilt anna historie, kjenner eg meg sjølv rett ender eg vel opp med ei eller anna skade! haha..
Men eg må jo berre prøve, og faile for å kome meg på den rette stien, ein eller annan dag kjem eg dit!
Så det vart straka vegen til Biltema(av alle butikkar) for å kjøpe treningsutstyr, funka fett!

I tillegg les eg boka til Erik Bertrand Larssen, "Bli best med mental trening", so far so good! Den er genial så langt, veldig interessant!

Medan eg sat i treningsdrøymane mine no, såg eg óg ein film som heiter "Ricki And The Flash" med Meryl Streep, den var heilt fantastisk! Var litt usikker i byrjinga, men endte opp med å vere ein skikkeleg feel good film.

Elles har eg vel ikkje gjort noko spesielt anna enn å kople til skrivaren for å skrive ut treningsøvingar, heilt til eg fann ut at eg ikkje har papir å skrive ut med! Hadde visst gløymd å ta dei med nedover hit, må ein ny tur på butikken på måndag då! Smarte meg..

Sleika litt sol i stad, pumpa opp ein ny gymball, ser på alle torturinstrumenta som skal brukast til trening.. Lure på kor dette kjem til å gå.. Haha, jaja, me får sjå..

Gårsdagens trening og dagens hendingar

Vel treninga i går, gjekk jo for så vidt rett vest! Eg fekk verkeleg vist kor ekstremt ute av form eg er, kor dårleg koordinert eg er og ikkje minst kor svak eg har vorte i det siste!

Eg trudde ting skulle verte enklare med ein gymball, men neida, då må du berre tru om att! Alt vart 20 gangar hardare! For det fyrste vil ikkje ballen samarbeide, når eg ville til høgre, trilla den til høgre og ville eg at den skulle ligge stille, då flaug den til HELSIKE!(Og eg..)

Men eg vart heilt skjelven i armane og låra, tek det som eit lite teikn på ein grei jobb, trudde eg skulle verte støl i dag, men vart ikkje det så må jobbe hardare neste gang!

Anyways, eg prøvde, eg faila, og eg har trent for fyrste gong på fleire år! Woop woop!

Dagen i dag! Renate ringde og vekte meg halv fuckings 7 på morgonen! Eg var så daud, trur eg somna minst 7 gangar i løpet av samtalen, eg hugsar EKSTREMT lite av kva me prata om, eg veit ikkje om eg hugsar noko av samtalen i det heile tatt! Herre, eg var heilt ferdig!
Men det var kjekt, følte me var tilbake til då eg budde heime og me ringde kvarandre kvar morgon, kjenner eg saknar den biten.. Det at me prata på telefon til ein av oss kom fram til jobb, det at viss me drog samstundes endte me opp med å køyre bak kvarandre eller kunne sjå den andre frå kvar si side av elva.. Heimekjære minne!

Eg somna att relativt kjapt, kan ikkje hugse det eingang, haha! Vakna mange ganga i løpet av morgonen, men stod vel ikkje opp før rundt 11-tida kanskje, å steikje mi tid kor TRØYTT eg var då! Herre moses, eg var jo heilt vesen, klarde så vidt å opne augene, det kjentes ut som eit godstog hadde køyrt over kroppen min..

 Resten av dagen har gått til ingenting, har vore altfor slapp og stakkars hunden har ikkje fått turen sin! Må prøve å kome meg ut imorgon! Om eg så må slepast ut døra av Teeko sjølv..