fredag 12. august 2016

Hyggeleg telefon, bakedag og klessnora si evige kamp mot vinden

Eg starta dagen i dag med å få ein telefon frå kommunikasjonsansvarleg i Skolenes Landsforbund, han spurte om løyve til å leggje ut eit utdrag av blogginnlegget mitt, der eg skreiv om kjensla eg fekk i etterkant av å stryke i forkurset i matematikk. For meg var det heilt rart, det at innlegget eg skreiv skulle få så stor merksemd hadde eg aldri sett føre meg! Det var utruleg kjekt å høyre at han likte det eg skreiv. Det kjennast så stort ut for meg at nokon frå SL(skolenes landsforbund), mitt eige forbund, fattar interesse for det "lille meg" skriv!
Eg håpar dette bidreg til at enkelte opnar augene sine og ser kva som har hendt og kva som eventuelt vil hende med lærarutdanninga..
Til dei av dykk som kanskje sit å kjenne skam eller frustrasjon over at dykk strauk, ikkje gjer det, dykk er ikkje aleine og det er mange som skjønar kvifor det hende! Det er ikkje dykkar feil at visse personar meinar at lærarutdanninga er for dei "mest" motiverte og "best" kvalifiserte, og at dei av den grunn båe hevar karakterkravet OG føre inn 5-årig master.. Herre, at det er mogleg!



Etter kvart som føremiddagen sluntra av garde baka eg brownies, den vart imponerande god! Det såg ut som at eg hadde opna ein kakaopakke og prøvd å male heile kjøkkenet brunt, men in the end var det vert det!





Eg fekk óg baka nokre kvitløksbaguettar og brød. Det må eg seie, det er verkeleg ikkje enkelt å lage fine baguettar! Baguettane ser så heimelaga ut at eg trur eit born hadde forma dei betre enn meg, dei liknar IKKJE på kvitløksbaguettar for fem flate øyre.. Eg har fortsett til gode å smake på dei!
Eg ringde og spurde eine broren min om korleis eg skulle lage kvitløksblandinga, joda, han gav meg ei flott oppskrift og eg satt i gang med å blande. Fingrane vart klisne og det stinka kvitløk heilt til Danmark! Kry som ei høne ringde eg han opp att og fortalde om den vellukka blandinga, trur ikkje dykk han då seie; "No kan eg fortelje deg at du kunne brukt visp"! Å herre moses, takk for den! Han gjorde det så absolutt med vilje!



Dei 2 brøda eg baka var med kulturmjølk. Medan eg sto og knadde deiga i hel, syntest eg den aldri vart ferdig med å henge seg fast i fingrane mine, strødde på mjøl og styra på, PANG så slo det inn at "oja, pokker", det er jo kulturmjølk i den, sjølvsagt vil det vere klissete! Der sto eg, følte meg dum som eit brød.. Ironisk nok var brødet smartare enn meg..
Dei vart ferdige og ligg no å gjer seg deilige på omnen, lite veit dei at eg skal ete dei i morgo! HAH..

I mellomtida medan eg haldt på å bake
meg halvt i hel, måtte eg pinade springe skytteltrafikk ut og inn døra, klessnorene mine låg velta på bakken med jamne mellomrom.. For dykk skjønar det, at det inneber ein viss risiko å la kleda henge på tørk ute! For kvar gang eg gjekk inn, kom vinden susande rundt hushjørnet og blas klessnorene mine ned, snakk om å vere slem mot dei som er mindre enn ein sjølv.. Medan vinden flira rått og flaug vidare måtte eg springe ut og trøyste dei stakkars klessnorene, der dei låg så sårt på bakken og grein etter hjelp. Eg hadde diverre ikkje tida til å ry av vinden sidan deiga låg inne og venta på at eg skulle kjevle den ut, men neste gang kjære vind..

onsdag 10. august 2016

Gårsdagens sintebesta og roadtrip for å roe nervane

Var ein heftig dag i går, då alt starta med forbanning over korleis regjeringa(enkelte i regjeringa) kan vere så einsforma at dei ikkje ser kva slags konsekvensa deira sine handlinga kan utgjere.. I rasande sinne skreiv eg eit innlegg om det at eg strauk på forkurs i matematikk, at dette innlegget skulle få så stor merksemd hadde eg aldri trudd, og ikkje minst dei positive tilbakemeldingane eg har fått for det eg skreiv, heilt fantastisk! Tusen takk!

Etter eg hadde skrive innlegget og fekk roa meg litt ned, fann eg ut at no skal me på roadtrip! Eg og Teeko sat oss i bilen, klar for nokre tima med køyring, pakka med maten hass, leike og litt diverse me kunne kose oss med.



Det eg IKKJE var klar over, var det at å køyre på roadtrip her nede innebér å køyre i 10-15 minutt så vipps, er me framme! Endte opp på Flekkerøya (trur eg), mot Skålevik, parkerte ved noko som såg ut til å vere ei gammal kai(om det var det veit eg ikkje), me gjekk å snusa og såg oss litt rundt, merka det var utruleg godt for sjela å berre slappe av, nyte stillheita og kjensla av å berre vere oss to.




Teeko verka så glad og lukkeleg medan me gjekk rundt, han snusa overalt og markerte her og der, stolt som ein hane over å kunne vere konge over fleire territorier!






Men så måtte han visst tømme ryggen, då kom eg på den eine tingen eg hadde gløymd, bæsjeposa! Herre at det er mogleg.. Men heldigvis for meg, tømde han seg midt i ei grastue med utruleg høgt gras slik eg slapp å tenkje så altfor mykje på det, men fekk dårleg samvit av å gå der i frå utan å plukke med meg..

Før me skulle setje oss ned for å ete, sprang me litt rundt og leika på "kaia", rett og slett naut livet før realiteten enda ein gang skulle setje sine spor.









 Eg kan ikkje nekte på at det er ein fin hund eg har, det er nesten låkt å tenkje på det, berre synd han er så stor i kjeften som han er..



Planen var jo å ete middag ute i friluft, men det blas noko så inni hampen at me hoppa inn i bilen for å ete uten frykt for at maten vart teken av vinden!

   
Lasagne frå Meny til meg og hundemat med litt snop til Teeko.
Henta ein pakke frå ho mor og han far på heimvegen, og eg skjønte ikkje kvifor Teeko var så heise oppteken av den pakken, snusa og snusa, haldt på å rive heile pakken overende i bilen.. Han var heilt vill, men sjølvsagt eg fann ut kvifor då eg opna den!
Det låg ein pakke frå DoggieBag der, of course! Han var heilt frå seg av glede over pakken!

Eg trur han likte sjøhesten best, leika mykje med den i går og enda meir med den i dag. Hiv den rundt, knørvar den i golvet og sleikar den rein.



tirsdag 9. august 2016

Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk.

Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk.
Eg er ein av dei som mistar den utdanninga eg vil ta.
Eg er ein av dei som er meir praktisk anlagt enn teoretisk.
Eg er ein av dei som hadde ein 3'ar istadenfor 4.
Eg er ein av dei som mista all motivasjon til å faktisk prøve.
Eg er ein av dei som ikkje lengre kunne glede meg over å starte der eg ville.
Eg er ein av dei som mista sjansen, mista mulegheita og ikkje minst den lille draumen.

Eg sat i sofaen her no og kom over ein artikkel som skolenes landsforbund la ut på si side, "går glipp av mange dyktige lærere".
Det er ikkje ei god kjensle å lese at så mange som 367 personar MISTA sjansen sin til å verte lærarar, og det å vite at eg er ein av dei! Eg har sutte heile ferien og visst at eg kom til å stryke, og ja, eg strauk! Men kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, kvifor skal eg som ikkje har planar om å vere matematikklærar ha 4?! Kvar er logikken i den samansetjinga?
Eg vil ha norsk, RLE, samfunnskunnskap, historie og til og med GEOGRAFI(som verkeleg ikkje er mi sterke side), eg er ikkje interessert i å undervise i matematikk, eit fag som treng sterke og praktisk dyktige lærarar! Kortid skal regjeringa sjå kva dei gjer med MI yrkesfaglege utdanning, kortid skal dei sjå at dei robbar meg frå sjansen til å verte ein helsikes DYKTIG lærar innanfor bl.a. norsk?!

Heldigvis hadde eg sikra meg på andrevalet, eg hadde ei tilnærma 100% vissheit om at eg kom inn på andrevalet, og det gjorde eg. Eg kom inn på årsstudium i filosofi, ved UIA.
Men kva skal eg gjer neste år? Det er jo neste år det er snakk om at lærarutdanninga verte obligatorisk masterutdanning.. For all del, det er vel og bra at lærarutdanninga verte meir i fokus, men for guds skuld, kva med meg? Kva med alle oss som synast det er hardt nok å skulle bestå ein bachelor, kvifor må me då måtte slite oss gjennom ein master?
Eg er praktisk anlagt, eg har det i fingerspissane, eg VEIT at eg kan verte ein ufatteleg god lærar, for det synast når eg jobbar med elevar, men korleis skal eg kunne bevise det når eg atter ein gang skal få eit slag i trynet neste år?
Når eg neste år må ta ei masterutdanning, ein master, som for meg fortonar seg som å gå midtfjors på den tynnaste isen når det byrjar å verte vår, der du høyrer isen knirkar og åtvarar meg mot å ta neste steg. Der eg ikkje høyrer etter, eg tek neste steg og isen hadde rett, eg skulle ikkje gjort det, for no flyt eg nede på havbotnen utan mulegheit til å kome meg oppatt..

Eg er veldig glad på vegne av dei 118 sjelene som besto, eg unnar dei alle hell og lukke i utdanninga si. Eg skulle ynskje eg var ein av dei. Ikkje det at(beklager om nokren vert fornærma no) læraryrket er min absolutt store og gedigne draum, men det er ein veldig viktig veg for at eg skal kome meg dit eg vil.

Det er kanskje mange som vil reagere på det eg skriv, det er sikkert mange som vil seie at eg er lat, at eg burde prøvd hardare, "Du hadde klart det om du berre prøvde", men kvifor skal eg måtte ha eit krav om å prestere hardt i matematikk når det ikkje er den greina eg vil undervise i? Som leiaren i skolenes landsforbund, Anne Finborud, tidlegare har nemnt: at det er fullstendig meningsløst å velge ut matematikk som et "guddommelig" fag for læreryrket.

Beklager for dei av dykk eg har skuffa, beklager for at eg ikkje nådde opp til det dykk hadde forventa av meg, beklager for at eg valde å ta eit standpunkt, beklager for at eg valde å stå imot presset dykk gav meg, beklager for at dykk ikkje visste kor demotiverande og leit det var for meg å høyre: "Det er ikkje noko problem for deg", "du må berre gjere ditt beste", "du må jo prøve"!

Takk for at dykk valde å ikkje forstå det eg ville fram til, takk for at dykk gjekk imot istadenfor å støtte, takk for at den konsekvensen eg no får av å ikkje bestå, kjem til å henge over meg, og til sist men ikkje minst, på førehand takk for at dykk ikkje kjem til å dømme meg for dei vala eg tok.

Men dette er ikkje slutten på mi historie, eg gjorde eit klokt val ved å ta filosofi, eg kan drage nytte av dette faget i mange andre fag og utdanningar. Min KAMP er ikkje ferdig, eg vil kjempe med nebb og klør for å kome meg dit eg vil. Uansett kva, det er ingen og då meinar eg INGEN, som kan stoppe meg frå å oppnå det eg vil!(Forutenom om meg sjølv).

lørdag 6. august 2016

Sein morgon, interessant film og skrivarproblem

Hadde store planar om å stå opp i gry otta i dag, men sidan dinna rauva her ikkje la seg før i 3 tida på natta, vart ikkje det noko av. Vakna i 11-12 tida, klar for ein ny tur til Sørlandssenteret!

Klar for mitt nye liv med trening og vektnedgang, høyrer det med å ha elementa for å kunne nå eit idealmål.. Kor mykje eg faktisk kjem til å bruke desse er ei heilt anna historie, kjenner eg meg sjølv rett ender eg vel opp med ei eller anna skade! haha..
Men eg må jo berre prøve, og faile for å kome meg på den rette stien, ein eller annan dag kjem eg dit!
Så det vart straka vegen til Biltema(av alle butikkar) for å kjøpe treningsutstyr, funka fett!

I tillegg les eg boka til Erik Bertrand Larssen, "Bli best med mental trening", so far so good! Den er genial så langt, veldig interessant!

Medan eg sat i treningsdrøymane mine no, såg eg óg ein film som heiter "Ricki And The Flash" med Meryl Streep, den var heilt fantastisk! Var litt usikker i byrjinga, men endte opp med å vere ein skikkeleg feel good film.

Elles har eg vel ikkje gjort noko spesielt anna enn å kople til skrivaren for å skrive ut treningsøvingar, heilt til eg fann ut at eg ikkje har papir å skrive ut med! Hadde visst gløymd å ta dei med nedover hit, må ein ny tur på butikken på måndag då! Smarte meg..

Sleika litt sol i stad, pumpa opp ein ny gymball, ser på alle torturinstrumenta som skal brukast til trening.. Lure på kor dette kjem til å gå.. Haha, jaja, me får sjå..

Gårsdagens trening og dagens hendingar

Vel treninga i går, gjekk jo for så vidt rett vest! Eg fekk verkeleg vist kor ekstremt ute av form eg er, kor dårleg koordinert eg er og ikkje minst kor svak eg har vorte i det siste!

Eg trudde ting skulle verte enklare med ein gymball, men neida, då må du berre tru om att! Alt vart 20 gangar hardare! For det fyrste vil ikkje ballen samarbeide, når eg ville til høgre, trilla den til høgre og ville eg at den skulle ligge stille, då flaug den til HELSIKE!(Og eg..)

Men eg vart heilt skjelven i armane og låra, tek det som eit lite teikn på ein grei jobb, trudde eg skulle verte støl i dag, men vart ikkje det så må jobbe hardare neste gang!

Anyways, eg prøvde, eg faila, og eg har trent for fyrste gong på fleire år! Woop woop!

Dagen i dag! Renate ringde og vekte meg halv fuckings 7 på morgonen! Eg var så daud, trur eg somna minst 7 gangar i løpet av samtalen, eg hugsar EKSTREMT lite av kva me prata om, eg veit ikkje om eg hugsar noko av samtalen i det heile tatt! Herre, eg var heilt ferdig!
Men det var kjekt, følte me var tilbake til då eg budde heime og me ringde kvarandre kvar morgon, kjenner eg saknar den biten.. Det at me prata på telefon til ein av oss kom fram til jobb, det at viss me drog samstundes endte me opp med å køyre bak kvarandre eller kunne sjå den andre frå kvar si side av elva.. Heimekjære minne!

Eg somna att relativt kjapt, kan ikkje hugse det eingang, haha! Vakna mange ganga i løpet av morgonen, men stod vel ikkje opp før rundt 11-tida kanskje, å steikje mi tid kor TRØYTT eg var då! Herre moses, eg var jo heilt vesen, klarde så vidt å opne augene, det kjentes ut som eit godstog hadde køyrt over kroppen min..

 Resten av dagen har gått til ingenting, har vore altfor slapp og stakkars hunden har ikkje fått turen sin! Må prøve å kome meg ut imorgon! Om eg så må slepast ut døra av Teeko sjølv..

torsdag 4. august 2016

Tidleg opp, uling frå heimen og ei stk sleta sjel.


I går kveld ringde eg Renate for å høyre om ho kunne vekke meg viss ho stod opp tidleg, i dag. Endte opp med at eg vakna av meg sjølv halv 8, typisk at den morgonen eg vil verte vekt, vaknar eg av meg sjølv.. Ringde mamma for å ha litt selskap medan eg vakna til live. Merkeleg nok var Teeko óg ganske slapp, låg og drøya an i senga sjølv etter eg sto opp, men sjølvsagt var han klar for å leike etterpå!

Kjenner no at eg har stått opp tidleg, er gørsliten, skikkeleg trøytt, kjenne meg nesten lam i kroppen.

Eg bestemte meg for å ta ein tur til Sørlandssenteret, handle inn noko av det som sto på handlelista mi. Utfordringa der borte, er at det er omlag 70 000 rundkøyringer og butikkar spreidd utover heile området! Eg trur eg kjaurde rundt og rundt i minst 3 rundkøyringar for å finne ut kva retning eg skulle køyre i.. Til og med Bestefar Bjarne vart oppgitt over meg!
Kom fram dit eg skulle, fekk kjøpt yogamatta eg var ute etter, ein gymball og vurderte sterkt å kjøpe eit puslespel, men droppa det.

Svinsa fram og tilbake mellom filene på heimvegen, må innrømme at eg ELSKAR tofeltsvegar!


Kom meg endeleg heim, gjekk ned trappa då eg haurde ein rar lyd rundt hjørnet, runda hjørnet og forsto at det var Teeko som sat i buret sitt og ulte! Ein skikkeleg misfornøgd hund som ikkje likte å verte sperra inne.. HAH!

Høyrer godt at det er ein "eg kjedar meg"-uling, har høyrd verre før! Synast synd på huseigarane som må høyre på dette kvar gang eg reise nokon stad.








Då eg kom inn og slapp han ut av buret, var han godt nøgd, klar for å leike!


Hadde eigentleg planlagd å lage meg ein god middag, men eg veit ikkje om eg orkar, har ikkje mykje energi i dag. Det er vel berre ein av dei dagane.. Men Teeko må ha middagsmaten sin, så eg får vel berre røyse på meg om litt og lage middag til oss, grønsaker og Royal Canin til Teeko og fiskepinna med grønsaker til meg.

Kanskje eg klarar å rulle ut yogamatta og trene litt etter middag, ender vel opp med å sjå ut som ein stranda kval med astma, men det får så vere! Kanskje eg hugsar å filme litt av seansen, kan verte ein minneverdig sensasjon!

Byrjar å få att litt av energien no, så det er vel berre å setje i gang før den seier "huff og puff, eg forsvann". Verte sliten berre av tanken på å måtte vaske opp.. Åh herrejemini, korleis skal dette gå?!

onsdag 3. august 2016

Lille laurdag og filmkveld.

Kom att frå Europris for ikkje så lenge sida. Gjekk ut døra her heime og rett uti HØLJREGN, me begge såg ut som drukna katta før me kom oss i bilen! I tillegg måtte eg ha vindauga opne for å i det heile teke kunne sjå kvar eg kjaurde..Mangla berre nokre fiska så hadde eg hatt eit bilakvarium..

Anyways, eg skulle jo eigentleg berre ein kjapp tur innom Europris for å handle snop til lille laurdag, men endte opp med å prate med Karoline, tida gjekk so fort mann! Sto berre å prata og prata, ho er jo heilt herleg! Etter mykje om og men kom eg meg ut att i bilen, Teeko var dødsfornærma for at eg hadde vore så lenge vekke! Han gav meg eit skikkeleg stygt blikk så snudde han seg vekk frå meg.. HAHA!

Me kom heimatt, Teeko gjekk i buret medan eg gjekk rundt med insektsboksa mi og slapp ut nokre av dei heilt totalt fantastiske(not) insekta som var på besøk.. Støvsuga litt og bestemte meg for å innvie lille laurdag med Oscar Sylte si Bringebærbrus!




Såg siste rest av Grease, ein av dei filmane eg virkeleg skulle ynskje eksisterte i røynda, slik eg kunne gått på den skulen!




No står Ant Man for tur, skal tru om den er så bra som eg hugsar?
Eg skal uansett nyte kvelden med Bokkebotjes(Marengsgreier), Kinder Maxi, sjokoladekjeks og sist, men ikkje minst, Pomsticks(svingodt)!




                                       

 Enjoy!

låk rygg, stiv nakke, yogamatte og vaskeplanar.

Eg trur ikkje senga mi er skapt for at eg skal ligge i den, vakna i dag med ein rygg så stiv som eit strykebrett! Dess lengre eg låg, dess verre vart det, vurderte til slutt å leggje meg sjølv ut til sal på kjøp/sal sidene på facebook: "Eit høgst levande strykebrett til sals, hugs å mat meg!"
Men ikkje nok med det! NEIDA, nakken min var jo like spent som ei fjør, kunne like gjerne ha bytta den ut med ei av fjørene i madrassa mi..
Heldigvis var Teeko tålmodig nok til å ligge der og vente til eg fekk vridd ryggen og nakken såpass på plass, at eg kunne røyse på meg utan større problem.. Medan eg låg å knakk opp båe det eine og det andre var Teeko gull nok til å trøyste meg.

Etter eg endeleg var god nok til å stable meg ut på badet, fekk eg ein brilliant idé, eg skal skaffe meg ei YOGAMATTE! Deretter skal eg google alt av yoga og pilates, på tide å verte kvitt stivleiken once and for all! Problemet er vel at eg kjem til å ende opp i ei eller anna rar stilling eg ikkje kjem meg ut av! Putseleg står eg der da, med rauva i véret, henda låst rundt leggane og ryggen i låsing.. Kan verte meg litt av eit syn!

Ein av dei verkelege planane mine i dag, var å støvsuge og vaske leilegheita grundig, men eg sit no her i sofaen og drøymar om den dagen kåken er shina og Grease er for real!
Eg får nøye meg med drøymen enn så lenge, så kjem vel røynda slentrande etter etterkvart.

Eg fekk iallfall laga meg ein god frukost i dag, omelett med grønsaker, berre synd eg kom på no at eg ikkje har teke middagen ut av frysaren!

tirsdag 2. august 2016

Middagsdate, flate rundtsykkje og ein liten hund i ein stor kropp

I dag har eg hatt eit fullt program frå eg sto opp(i 10-tida vel og merke)!

Måtte planlegge middagen, som eigentleg skulle ha vore planlagd i går, før Nina kom på besøk!
Det gjekk i dass..
Eg hadde store planar om å shine heile kåken, slik ho vart mektig imponert!
Det gjekk i dass..
Middagen skulle vere klar til ho kom!
Det gjekk i dass..
Rundstykkja skulle vere klar til heving før ho kom!
Det vart vellukka!

Endte opp med å planlegge middagen inne på Meny, medan eg posta 2 brev som eg forventar at dei 2 mottakarane svara på(via BREV)! Sulla rundt, raska med meg grønsaker, fiskepinnar og snus. På veg ut av Meny, møtte eg på ein kar i døra som selde "Gatemagasinet", klarde ikkje å berre gå forbi, kjøpte difor eit blad frå han før eg tok fatt på ferden vidare.

Det vart straka vegen heim, byrja å bake, sat deiga til heving og fekk på middagen. Det eg ikkje tenkte på var at fiskepinnane ikkje skulle rett i frysaren, men heller tine til middagen.. Meg i eit nøtteskal!

Byrja å støvsuge litt rundt omkring i gangen, då eg plutseleg kom på at det er eit svært MONSTER av ein stankelbein, som vandrar rundt i vent på å bite av meg stortåa! Heldigvis kom Nina slentrande inn døra, så eg satte ho til å vere stankelbeinvakt, men sjølvsagt viste den seg ikkje då! MONSTER!
Middagsdaten var klar for å byrje, men shininga av kåken vart begrensa til støvsuging av gangen der monsteret angiveleg bur..

Eg rakk akkurat å bake ut rundstykkja før me åt og medan me konsumerte middagen låg dei til etterheving.
Teeko fekk grønsaker blanda inn i maten sin, trur faktisk han var i himmelen der og då, eg kunne nesten sjå glorien rundt hovudet og vingane byrja å spreie seg.

Men i og med eg i dag hadde vore smart nok til å la rundstykkja etterheve på bordet, tenkte eg dei skulle verte runde og flotte, men NEIDA! Det vart FLATE rundstykkje i dag med..

Vel OK, det er heilt greitt, eg skal overleve med flate rundstykkje, dei er i det minste etandes(smaka faktisk heilt fortreffeleg, just so you know)!

Middagen, til tross for ventetida, vart GODKJEND! Den smakte visst kjempegodt, og alt var PERFEKT! Takk gudane for det, eg tek ikkje det som ei sjølvfølge for å seie det slik.


Etter middag og dessert vart ein viss hund ekstremt oppmerksomheitssjuk medan Nina sat godt innepakka som ei søt, lita eskimodame i sofaen. Han tok dette som ein invitasjon til å kose. Problemet var berre at Teeko sin måte å kose på, var å klatre oppi fanget til stakkars Nina, bruke knea hennar som balansestøtte og knuse ho til pinneved under vekta si.
Når Teeko skal kose er han ikkje lengre ein stor hund på 50 kilo, men meir som ein Jack Russel på 6 kilo.. Trur han..
Så medan Nina vart meir og meir lilla i ansiktet og eg kunne formeleg høyre summinga av blodstraumen som vart kutta i beina hennar, hadde han the best time of his life!





Ein liten hund i ein stor kropp!

Ein rauvdiltar, pastakrasj og flate rundstykkje

Dagen i går:

Etter at Bestefar Bjarne vakna til live igjen, drog eg og Teeko ut på køyretur i han.
Ein tur innom Hyundai for å bestille time til Bestefar Bjarne, så rett til Europris på tilbodsjakt!

Då eg kom ut frå Europris, fekk ein koseleg oppdaging, ei dame i nabobilen sat og prata med Teeko, ho kunne fortelje meg at dei hadde hatt ein hyggeleg samtale og ho hadde haldt han med selskap medan eg var inne. For ei koseleg dame!


Etter me kom heim, tenkte eg det var ein god idé å lage middag til oss! Sat på kokevatn, har forresten aldri opplevd vatn bruke så mange år på å koke opp før, kjente eg vart båe gråhåra og gammal før det byrja å boble..
Endeleg var tida inne for å helle oppi pastaen, skrudde av lokket, rista ut litt pasta, men trur du fader mej ikkje at eg mista HEILE jævla beholdaren nedi kasserolla da?! Vart så fullt med pasta at eg nesten måtte symje gjennom pasta ut av kjøkkenet! Pastakrasj..




Medan eg sto å banna og steikja, kjente eg noko som stakk meg bak helane mine, og jaggu meg låg hunden der, med klørna sine heilt inni helane mine, kjente kor dei skrapa og klødde! Skikkeleg mammadalt!
Så der sto eg då, med for mykje pasta, ein hund som begrensa røyrslene mine og kjøtdeig i kjøleskapet.. Uansett kva eg gjer eller kor eg går, skal Teeko følge etter, helst så tett innpå at knehasane doggar av pusten hass og helane mine har permanente skrapemerke etter klørna! Rauvdiltar!



Etter mykje om og men, tenkte eg det var på tide å bake nokre brød, gjekk inn på kjøkkenet for å finne fram oppskrifta bak på ein av mjølpakkane, fann ut at "neei, kan heller prøve meg på rundstykkje". Laga deiga, heva den, trilla ut rundstykkjene og la dei til etterheving i 45 min. Det eg kanskje skulle forutsett er, viss du hevar rundstykkja på omnen og den vert slått på når det er 15 minutt att av etterhevinga, då sig dei litt i hop, slik som ein heliumballong.. Med andre ord vart det ikkje tomatforma rundstykkje, men meir som flatpakka silikoninnlegg..
Men snytgode! Heilt fantastiske om ej kan seie det sjølv!

Flate rundstykkje!

mandag 1. august 2016

"Kjem snart", kor snart er snart?

Her sit eg då, ventar enda på karen frå bilverkstaden, snusleppa mi verkar etter snus, lungene mine verkar etter røyk, kroppen min verkar etter joggetur, feittet mitt verkar etter meir sjokolade og eg sit no berre her og ventar..

Fyrste gangen eg prata med han, sa han; "Er på jobb om ein halvtime, kjeme litt etter det". Greitt, tenkte eg, ingen problem.
Andre gangen eg prata med han, sa han: "Eg kjem snart". Vel ok, tenkte eg. Så eg sa; " Den er grei, går ut og ventar eg då." Eg hadde Teeko i buret og gjekk ut for å vente.
Tredje gangen, ringde eg han. "Eg har ikkje gløymd deg", seier han, "Vart litt mas med ein bil her. Men eg kjem snart"! Eg tenkte då, faen, eg må spørje han; "Kva meinar du med snart?", "Nei, rundt ein halvtime vil eg tru".. Eg kjende håret mitt stivna, botoxen kom på i trynet og beina mine vart gelè, "Vel eg går inn og ventar eg då"..

Eg kunne jo ikkje verte den typiske sunnmøringen heller, den sure og grinete lille drittungen som ikkje taklar å vente litt! Det var jo ein sørlending eg prata med, han verka jo så hyggeleg, blid, omgjengeleg og grei.. Helsikes sørlendinga, må dei vere så høflege? Det er heilt herleg da, fantastisk!

Men eg slit litt med å akseptere "Eg kjem snart", med ein halvtime, det er litt for lenge etter mi meining, korleis kan det vere å kome snart? Eg tenkjer, 10 min, kanskje 15, men då seier eg gjerne; "Kjem snart, men verte 5 min forsinka"..
Problemet mitt der igjen, i følge alle andre, er at eg aldri dukkar opp i tide, seier eg 10, vert det 20 osv.. Eg har aldri skjønt kva dei pratar om, eg er jo ALLTID punktleg!

Det er synd eg ikkje kan bruke sykkelen min akkurat no, eg kjenner snusleppa snurpar seg saman i forskrekking over kor tomt det er oppi leppa.

Snuslaus, straumlaus,pengelaus og ein lekk dritepose!

Dagen i dag, byrja som ein draum. Bokstaveleg talt, i draumen fann eg ein pitteliten brun flott på Teeko som eg knipsa vekk.. Pang, så var eg vaken!

Anyways, eg hadde ei handleliste for Europris, dit skulle eg definitivt! Etter fleire timar med utsetjing av dagen innsåg eg at om eg ikkje sto opp der og då, kom ryggen min til å stivne slik som sement(Ikkje ein hyggeleg tanke).

Sto opp, sulla rundt i leilegheita, gjekk på badet, sprang rundt for å finne klede, slikt som normale folk gjer. Snur meg rundt, og berre; FAEN, Teeko står der med bakbeina i kryss, auge store som tallerken, halen rykkar opp og ned! Inne mi lille, "egoverd" hadde eg gløymd at bikkja med må på do om morgonen.. OPS!

Etter ein god frukost til oss begge, kom eg på at eg ikkje har meir snus igjen, eg var jo så smart i går at eg snuste den siste snusen i god tru, i god tru på at eg skulle kjøpe ny med ein gong eg sto opp.. HAH! Eg var snuslaus!

Tok med bikkja opp, medan Teeko skulle gjere sitt fornødne, smilte og nikka eg til huseigarane som kjaurde frå heimen. Etter mykje lokking og smisking frå mi side, fekk eg endeleg bikkja med meg bort til bilen, låste opp(Sentrallås veit du, fancy greier!), men trur du FADER mej ikkje at sentrallåsen IKKJE funka da! Måtte pinade stikke handa inn gjennom framsida og låse opp bakdøra frå innsida, HERREFREDPÅJORD, det skal jo ikkje vere slik!
Men la gå for denne gang, heiv bikkja inn, klipsa på bilselen hass og sat meg i framsetet. Skrudde på bilen, men INGENTING skjedde.. Eg var straumlaus!

Gjett kven som har vore på biltur i går og køyrd gjennom tunnelar, slik at ho må skru på dashbord-lysa? Joda, det var jo meg det som vanleg, smart som F! Og, du må ikkje tru at Bestefar Bjarne(bilen) seier i frå når eg går frå han med lysa på! NEIDA, eg kan nesten høyre han tenkje;
"HAH, der gjekk ho frå lysa atter ein gang, denne gangen skal eg verte tom for straum, HAHAHA!"
Forferdeleg, alle planane mine gjekk i tusen knas, eg kunne formeleg sjå føre meg korleis alt vart spelt baklengs, slik at alt eg skulle gjer, ikkje lengre kunne gjerast.. Eg var heilt knust, øydelagd, og ikkje minst litt panikkslagen! Korleis skulle eg få kjøpt meg snus no, det er jo fleire mil bort til butikken!
Eg kraup til korset og ringde bilverkstaden, dei skulle kome om ei stund(Sikkert ei dyr affære)!
Bikkja vart teken ut av bilen, eg kunne jo like så godt gå til butikken, det er jo kun snakk om 10 min ein veg. Ein hundrelapp vart lagt i lomma, eg og Teeko var på veg til butikken. Runda ein liten sving og der møtar vi på ein Pekingeser eller noko liknande, bikkja mi går av skaftet, hiv seg fram, bjeffar og røysar rygg, me svinsar og svansar, slik musa gjor i ei julevise! Kjem meg endeleg forbi, me pustar letta ut.

Etter ei stund er me nesten framkomen til Rema, eg leitar opp hundringsen min, då eg innser at den IKKJE ligg i lomma mi lengre, ei heller i hi lomma! Eg skjønar ingenting, eg er pengelaus!
Me snur slukøyra heimover, kjem oss ikkje langt, før Teeko fann eit inngangsparti å drite foran, heldigvis var den god og fast i forma, null problem å få den i driteposen. Me trallar oss heim atter ein gang, ser etter ein hundrelapp lang vegkanten, slik lillegutt såg etter løvetann. Når me endeleg kjem til same staden så der eg møtte på den lille hunden, ser eg hundrelappen blunkar til meg frå eit grasstrå, den ligg der så fint og solar seg. "Kom her", seier eg og plukkar han opp.

Går vidare og kjem nesten opp til toppen, årre pitlande det, der møtar me på enda ein hund! Bikkja mi set i gang på nytt, denne gang enda meir, fordi hunden er større! Eg snurrar rundt i nokre piruettar i det eg ser Teeko riv tak i driteposen og filleristar han som at det er ei rosa Kong-leike! "Faen", sa eg. "Gje deg"! Driteposen er lekk!

Der går me då heimover, den siste lille biten, det dysfunksjonelle paret! Hunden som vil så gjerne helse at han tek heilt av, og kjerringa som surrar rundt med ein lekk dritepose, fucked up hund og eit haud som ikkje er heilt med sine fulle fem!

No ringde verkstaden, dei er her snart, håpar for guds skuld at batteriet overlevde mishandlinga mi!