torsdag 15. september 2016

Utfordringa ved å høyre dårleg og delta på førelesing

Bråvakna halv 7 av at Teeko fyrst brukte senga som trampoline for så å hoppe ned på golvet og brukte golvet som klorematte! Stakkars meg måtte stå opp i halvsvime for å sleppe han ut.. Fekk ikkje eingang festa kjettinga skikkeleg før han satte seg i posisjon og skaut ut med full kraft!
Slapp han innatt og kollapsa på senga ein time til før eg måtte gjere meg klar for skule.. Rakk i det minste å ete frukost denne gangen.

Hadde ein lunsjdate i kantina med Nina. Det var deilig å berre slappe av og nyte maten med ei god venninde før eg måtte heimatt.

Ein ting eg tenkte over medan eg venta på at lunsjdaten min skulle kome, var kor merkeleg det var å oppleve utfordringar med høyrselen min.. Eg har i bunn og grunn aldri hatt nokre problem eller utfordringar med den i henhald til skule og førelesarar, men følte litt på det i dag..
Dei verkar lite villig til å gjenta spørsmål som medstudentar kjem med, så eg sit der da og får med meg førelesarane sine svar, men korleis skal eg skjøne det dei svarar på når eg ikkje får med meg spørsmålet? Det er kanskje ein liten bagatell for folk flest, men for meg er ikkje det noko kjekt.. Det gjer at eg vert "redd" for å stille mine spørsmål, i frykt for at det allereie har vorte stilt og det berre var eg som ikkje fekk det med meg.
Det at når eg spør om førelesaren kan gjenta spørsmåla fordi eg ikkje får med meg spørsmåla, og førelesaren seier at det har ikkje han tid til eller at det går ikkje an fordi han då aldri kjem gjennom førelesinga i tide.. Kva svar er det? Det er jo ikkje berre EG som slit med å få med meg spørsmålet, fleire i klassa høyrer ingenting fordi nokren pratar veldig lavt.
Ja, eg har krav og mulegheit til å få mikrofonar, men kvifor skal eg det når medstudentane ikkje kjem til å bruke dei og førelesaren gjev TYDELEG(mi kjensle) uttrykk for at det ikkje er han sitt problem at eg ikkje får med meg kva som vert sagt.. Greitt, det er jo ikkje deira problem, eg sit ikkje her å legg skulda på dei, men for faen, kor ubehageleg er det ikkje for meg å føle meg til bry fordi eg har ei høyrselshemming eg ikkje kan gjere noko med?! Det er ekstra vanskeleg fordi eg ALDRI har støytt på denne utfordringa før, båe ved HiSF og HiVolda tok dei hensyn og forsikra seg om at eg fekk med meg undervisinga, eg følte at det var greitt, det var ikkje til hinder for dei at eg stilte spørsmål i etterkant eller at dei måtte gjenta ting for at eg skulle høyre.. No fuckings problem! Men eg vert litt provosert, litt forbanna og litt nærtakande når eg då må oppleve det no, spesielt fordi det verkar som at dei ikkje har "tida" til å ta seg bryet når eg fyrst seier i frå og kjem med ulike forslag..
Det er kanskje berre eg som er idiot og egoistisk, men pokker heller! Viss eg opplev det, kor mange andre er det vel ikkje då som har opplevd eller opplev det same her ved UIA?
Eg har fullstendig forståelse for at dei jobbar innanfor stramme tidsrammer og har mykje å førebue til neste time, men kor mykje av tida dykkar går det eigentleg ved å gjenta nokre spørsmål?  Eg framstår kanskje som storkrevjande når eg seier alt dette, litt hensynslaus og sjølvsentrisk, men er det verkeleg for mykje å be om?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar