onsdag 14. september 2016

Frustrerande filosofi og ein formidabel spakveld

I dag hadde eg STORE planar om å stå opp i gry-otta for å gå tur med Teeko før skule, men HAH, det gjekk jo rett i dass! Vakna rundt 8 å kom plutseleg på at FAEN skulen byrjar om 1 time! I full panikk heiv eg meg ut av senga, heiv Teeko ut og festa han i kjettinga, for deretter å springe med flesket på lufting rundt omkring i hybelen!

Sprang rundt å fylte på matskåla til Teeko, fylte på nytt vatn til Teeko, henta inn Teeko, låste dørene på dei romma Teeko ikkje skulle rasere, såå kunne eg endeleg få rauva ut gjennom døra og starte på skuledagen! Midt opp i heile morgonstresset gløymde eg båe vatn og frukost til meg sjølv, overraska over at eg i det heile tatt hugsa å ta på meg klede.. Turen gjekk då innom Rema 1000 for å kjøpe Battery(energidrikken), vatn og bollar. Energidrikken kasta eg då eg kom til skulen og bollane likte eg visst ikkje, waste of money!

Eg må ærleg innrømme at det me hadde om i filosofi i dag(Platon, Gorgias), gjekk meg hus forbi! Filosofihistorie, viss det i det heile tatt er det me har om, er ikkje mi sterke side!
Men imorgo har me logikk, fem ganga betre!

Då eg kom heim, var Teeko urovekkande glad og nøgd! Eg mistenkte med ein gang at han hadde funne på noko sprell og faenskap! Kjem inn på kjøkkenet og ser tørrforet ligg spreidd til alle kantar, men det gjer han kvar gang så det var ikkje noko sjokk! Det som var mest urovekkande var at han ikkje hadde gjort noko gale, kva feilar han hæ? Det er jo ikkje normalt!

Anyways, me chilla resten av dagen, heilt til eg kom på at eg skulle jo på SPAKVELD!
Heldige meg hadde fått invitasjon av Nina til spakveld!
Turen bar då til Varodd for ei spa-oppleving med Herbalife, her fekk me prøve ulike kremar, ein skrubb og ei maske for ansiktet, eg skal love deg at det svei! Trudde nokren hadde putta små glasskår i kremane for å kødde med oss, men det var visst normalt og ansiktet mitt såg normalt ut så det var vel det! Etter nokre intense øktar med krem, skrubb og ei maske så stiv som botox, kjente eg meg oppfriska og fin i huda. Me avslutta med ein nattkrem som eg no 2.5 time etterpå enda kjenner at eg har på, det er seriøst som at eg har smurt inn ansiktet med grisefett!
Sjølvsagt måtte eg kjøpe ein krem, skrubb, maske og ein shampoo, det lukta jo heilt sveinandes fantastisk! Diverre fekk eg ikkje tatt nokre bilete mens eg såg ut som Jim Carrey i filmen  "Masken", men eg skal ta bilete neste gang, eg ser tross alt heilt utruleg deilig ut med den på!

No har eg kasta i meg kveldsmat, eit par snusar og ein god rasjon med hundehår. Einaste som står att er å pakke skulesekken til i morgo, så skal eg leggje meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar