fredag 12. august 2016

Hyggeleg telefon, bakedag og klessnora si evige kamp mot vinden

Eg starta dagen i dag med å få ein telefon frå kommunikasjonsansvarleg i Skolenes Landsforbund, han spurte om løyve til å leggje ut eit utdrag av blogginnlegget mitt, der eg skreiv om kjensla eg fekk i etterkant av å stryke i forkurset i matematikk. For meg var det heilt rart, det at innlegget eg skreiv skulle få så stor merksemd hadde eg aldri sett føre meg! Det var utruleg kjekt å høyre at han likte det eg skreiv. Det kjennast så stort ut for meg at nokon frå SL(skolenes landsforbund), mitt eige forbund, fattar interesse for det "lille meg" skriv!
Eg håpar dette bidreg til at enkelte opnar augene sine og ser kva som har hendt og kva som eventuelt vil hende med lærarutdanninga..
Til dei av dykk som kanskje sit å kjenne skam eller frustrasjon over at dykk strauk, ikkje gjer det, dykk er ikkje aleine og det er mange som skjønar kvifor det hende! Det er ikkje dykkar feil at visse personar meinar at lærarutdanninga er for dei "mest" motiverte og "best" kvalifiserte, og at dei av den grunn båe hevar karakterkravet OG føre inn 5-årig master.. Herre, at det er mogleg!



Etter kvart som føremiddagen sluntra av garde baka eg brownies, den vart imponerande god! Det såg ut som at eg hadde opna ein kakaopakke og prøvd å male heile kjøkkenet brunt, men in the end var det vert det!





Eg fekk óg baka nokre kvitløksbaguettar og brød. Det må eg seie, det er verkeleg ikkje enkelt å lage fine baguettar! Baguettane ser så heimelaga ut at eg trur eit born hadde forma dei betre enn meg, dei liknar IKKJE på kvitløksbaguettar for fem flate øyre.. Eg har fortsett til gode å smake på dei!
Eg ringde og spurde eine broren min om korleis eg skulle lage kvitløksblandinga, joda, han gav meg ei flott oppskrift og eg satt i gang med å blande. Fingrane vart klisne og det stinka kvitløk heilt til Danmark! Kry som ei høne ringde eg han opp att og fortalde om den vellukka blandinga, trur ikkje dykk han då seie; "No kan eg fortelje deg at du kunne brukt visp"! Å herre moses, takk for den! Han gjorde det så absolutt med vilje!



Dei 2 brøda eg baka var med kulturmjølk. Medan eg sto og knadde deiga i hel, syntest eg den aldri vart ferdig med å henge seg fast i fingrane mine, strødde på mjøl og styra på, PANG så slo det inn at "oja, pokker", det er jo kulturmjølk i den, sjølvsagt vil det vere klissete! Der sto eg, følte meg dum som eit brød.. Ironisk nok var brødet smartare enn meg..
Dei vart ferdige og ligg no å gjer seg deilige på omnen, lite veit dei at eg skal ete dei i morgo! HAH..

I mellomtida medan eg haldt på å bake
meg halvt i hel, måtte eg pinade springe skytteltrafikk ut og inn døra, klessnorene mine låg velta på bakken med jamne mellomrom.. For dykk skjønar det, at det inneber ein viss risiko å la kleda henge på tørk ute! For kvar gang eg gjekk inn, kom vinden susande rundt hushjørnet og blas klessnorene mine ned, snakk om å vere slem mot dei som er mindre enn ein sjølv.. Medan vinden flira rått og flaug vidare måtte eg springe ut og trøyste dei stakkars klessnorene, der dei låg så sårt på bakken og grein etter hjelp. Eg hadde diverre ikkje tida til å ry av vinden sidan deiga låg inne og venta på at eg skulle kjevle den ut, men neste gang kjære vind..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar