mandag 1. august 2016

Snuslaus, straumlaus,pengelaus og ein lekk dritepose!

Dagen i dag, byrja som ein draum. Bokstaveleg talt, i draumen fann eg ein pitteliten brun flott på Teeko som eg knipsa vekk.. Pang, så var eg vaken!

Anyways, eg hadde ei handleliste for Europris, dit skulle eg definitivt! Etter fleire timar med utsetjing av dagen innsåg eg at om eg ikkje sto opp der og då, kom ryggen min til å stivne slik som sement(Ikkje ein hyggeleg tanke).

Sto opp, sulla rundt i leilegheita, gjekk på badet, sprang rundt for å finne klede, slikt som normale folk gjer. Snur meg rundt, og berre; FAEN, Teeko står der med bakbeina i kryss, auge store som tallerken, halen rykkar opp og ned! Inne mi lille, "egoverd" hadde eg gløymd at bikkja med må på do om morgonen.. OPS!

Etter ein god frukost til oss begge, kom eg på at eg ikkje har meir snus igjen, eg var jo så smart i går at eg snuste den siste snusen i god tru, i god tru på at eg skulle kjøpe ny med ein gong eg sto opp.. HAH! Eg var snuslaus!

Tok med bikkja opp, medan Teeko skulle gjere sitt fornødne, smilte og nikka eg til huseigarane som kjaurde frå heimen. Etter mykje lokking og smisking frå mi side, fekk eg endeleg bikkja med meg bort til bilen, låste opp(Sentrallås veit du, fancy greier!), men trur du FADER mej ikkje at sentrallåsen IKKJE funka da! Måtte pinade stikke handa inn gjennom framsida og låse opp bakdøra frå innsida, HERREFREDPÅJORD, det skal jo ikkje vere slik!
Men la gå for denne gang, heiv bikkja inn, klipsa på bilselen hass og sat meg i framsetet. Skrudde på bilen, men INGENTING skjedde.. Eg var straumlaus!

Gjett kven som har vore på biltur i går og køyrd gjennom tunnelar, slik at ho må skru på dashbord-lysa? Joda, det var jo meg det som vanleg, smart som F! Og, du må ikkje tru at Bestefar Bjarne(bilen) seier i frå når eg går frå han med lysa på! NEIDA, eg kan nesten høyre han tenkje;
"HAH, der gjekk ho frå lysa atter ein gang, denne gangen skal eg verte tom for straum, HAHAHA!"
Forferdeleg, alle planane mine gjekk i tusen knas, eg kunne formeleg sjå føre meg korleis alt vart spelt baklengs, slik at alt eg skulle gjer, ikkje lengre kunne gjerast.. Eg var heilt knust, øydelagd, og ikkje minst litt panikkslagen! Korleis skulle eg få kjøpt meg snus no, det er jo fleire mil bort til butikken!
Eg kraup til korset og ringde bilverkstaden, dei skulle kome om ei stund(Sikkert ei dyr affære)!
Bikkja vart teken ut av bilen, eg kunne jo like så godt gå til butikken, det er jo kun snakk om 10 min ein veg. Ein hundrelapp vart lagt i lomma, eg og Teeko var på veg til butikken. Runda ein liten sving og der møtar vi på ein Pekingeser eller noko liknande, bikkja mi går av skaftet, hiv seg fram, bjeffar og røysar rygg, me svinsar og svansar, slik musa gjor i ei julevise! Kjem meg endeleg forbi, me pustar letta ut.

Etter ei stund er me nesten framkomen til Rema, eg leitar opp hundringsen min, då eg innser at den IKKJE ligg i lomma mi lengre, ei heller i hi lomma! Eg skjønar ingenting, eg er pengelaus!
Me snur slukøyra heimover, kjem oss ikkje langt, før Teeko fann eit inngangsparti å drite foran, heldigvis var den god og fast i forma, null problem å få den i driteposen. Me trallar oss heim atter ein gang, ser etter ein hundrelapp lang vegkanten, slik lillegutt såg etter løvetann. Når me endeleg kjem til same staden så der eg møtte på den lille hunden, ser eg hundrelappen blunkar til meg frå eit grasstrå, den ligg der så fint og solar seg. "Kom her", seier eg og plukkar han opp.

Går vidare og kjem nesten opp til toppen, årre pitlande det, der møtar me på enda ein hund! Bikkja mi set i gang på nytt, denne gang enda meir, fordi hunden er større! Eg snurrar rundt i nokre piruettar i det eg ser Teeko riv tak i driteposen og filleristar han som at det er ei rosa Kong-leike! "Faen", sa eg. "Gje deg"! Driteposen er lekk!

Der går me då heimover, den siste lille biten, det dysfunksjonelle paret! Hunden som vil så gjerne helse at han tek heilt av, og kjerringa som surrar rundt med ein lekk dritepose, fucked up hund og eit haud som ikkje er heilt med sine fulle fem!

No ringde verkstaden, dei er her snart, håpar for guds skuld at batteriet overlevde mishandlinga mi!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar