tirsdag 2. august 2016

Ein rauvdiltar, pastakrasj og flate rundstykkje

Dagen i går:

Etter at Bestefar Bjarne vakna til live igjen, drog eg og Teeko ut på køyretur i han.
Ein tur innom Hyundai for å bestille time til Bestefar Bjarne, så rett til Europris på tilbodsjakt!

Då eg kom ut frå Europris, fekk ein koseleg oppdaging, ei dame i nabobilen sat og prata med Teeko, ho kunne fortelje meg at dei hadde hatt ein hyggeleg samtale og ho hadde haldt han med selskap medan eg var inne. For ei koseleg dame!


Etter me kom heim, tenkte eg det var ein god idé å lage middag til oss! Sat på kokevatn, har forresten aldri opplevd vatn bruke så mange år på å koke opp før, kjente eg vart båe gråhåra og gammal før det byrja å boble..
Endeleg var tida inne for å helle oppi pastaen, skrudde av lokket, rista ut litt pasta, men trur du fader mej ikkje at eg mista HEILE jævla beholdaren nedi kasserolla da?! Vart så fullt med pasta at eg nesten måtte symje gjennom pasta ut av kjøkkenet! Pastakrasj..




Medan eg sto å banna og steikja, kjente eg noko som stakk meg bak helane mine, og jaggu meg låg hunden der, med klørna sine heilt inni helane mine, kjente kor dei skrapa og klødde! Skikkeleg mammadalt!
Så der sto eg då, med for mykje pasta, ein hund som begrensa røyrslene mine og kjøtdeig i kjøleskapet.. Uansett kva eg gjer eller kor eg går, skal Teeko følge etter, helst så tett innpå at knehasane doggar av pusten hass og helane mine har permanente skrapemerke etter klørna! Rauvdiltar!



Etter mykje om og men, tenkte eg det var på tide å bake nokre brød, gjekk inn på kjøkkenet for å finne fram oppskrifta bak på ein av mjølpakkane, fann ut at "neei, kan heller prøve meg på rundstykkje". Laga deiga, heva den, trilla ut rundstykkjene og la dei til etterheving i 45 min. Det eg kanskje skulle forutsett er, viss du hevar rundstykkja på omnen og den vert slått på når det er 15 minutt att av etterhevinga, då sig dei litt i hop, slik som ein heliumballong.. Med andre ord vart det ikkje tomatforma rundstykkje, men meir som flatpakka silikoninnlegg..
Men snytgode! Heilt fantastiske om ej kan seie det sjølv!

Flate rundstykkje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar