tirsdag 2. august 2016

Middagsdate, flate rundtsykkje og ein liten hund i ein stor kropp

I dag har eg hatt eit fullt program frå eg sto opp(i 10-tida vel og merke)!

Måtte planlegge middagen, som eigentleg skulle ha vore planlagd i går, før Nina kom på besøk!
Det gjekk i dass..
Eg hadde store planar om å shine heile kåken, slik ho vart mektig imponert!
Det gjekk i dass..
Middagen skulle vere klar til ho kom!
Det gjekk i dass..
Rundstykkja skulle vere klar til heving før ho kom!
Det vart vellukka!

Endte opp med å planlegge middagen inne på Meny, medan eg posta 2 brev som eg forventar at dei 2 mottakarane svara på(via BREV)! Sulla rundt, raska med meg grønsaker, fiskepinnar og snus. På veg ut av Meny, møtte eg på ein kar i døra som selde "Gatemagasinet", klarde ikkje å berre gå forbi, kjøpte difor eit blad frå han før eg tok fatt på ferden vidare.

Det vart straka vegen heim, byrja å bake, sat deiga til heving og fekk på middagen. Det eg ikkje tenkte på var at fiskepinnane ikkje skulle rett i frysaren, men heller tine til middagen.. Meg i eit nøtteskal!

Byrja å støvsuge litt rundt omkring i gangen, då eg plutseleg kom på at det er eit svært MONSTER av ein stankelbein, som vandrar rundt i vent på å bite av meg stortåa! Heldigvis kom Nina slentrande inn døra, så eg satte ho til å vere stankelbeinvakt, men sjølvsagt viste den seg ikkje då! MONSTER!
Middagsdaten var klar for å byrje, men shininga av kåken vart begrensa til støvsuging av gangen der monsteret angiveleg bur..

Eg rakk akkurat å bake ut rundstykkja før me åt og medan me konsumerte middagen låg dei til etterheving.
Teeko fekk grønsaker blanda inn i maten sin, trur faktisk han var i himmelen der og då, eg kunne nesten sjå glorien rundt hovudet og vingane byrja å spreie seg.

Men i og med eg i dag hadde vore smart nok til å la rundstykkja etterheve på bordet, tenkte eg dei skulle verte runde og flotte, men NEIDA! Det vart FLATE rundstykkje i dag med..

Vel OK, det er heilt greitt, eg skal overleve med flate rundstykkje, dei er i det minste etandes(smaka faktisk heilt fortreffeleg, just so you know)!

Middagen, til tross for ventetida, vart GODKJEND! Den smakte visst kjempegodt, og alt var PERFEKT! Takk gudane for det, eg tek ikkje det som ei sjølvfølge for å seie det slik.


Etter middag og dessert vart ein viss hund ekstremt oppmerksomheitssjuk medan Nina sat godt innepakka som ei søt, lita eskimodame i sofaen. Han tok dette som ein invitasjon til å kose. Problemet var berre at Teeko sin måte å kose på, var å klatre oppi fanget til stakkars Nina, bruke knea hennar som balansestøtte og knuse ho til pinneved under vekta si.
Når Teeko skal kose er han ikkje lengre ein stor hund på 50 kilo, men meir som ein Jack Russel på 6 kilo.. Trur han..
Så medan Nina vart meir og meir lilla i ansiktet og eg kunne formeleg høyre summinga av blodstraumen som vart kutta i beina hennar, hadde han the best time of his life!





Ein liten hund i ein stor kropp!

3 kommentarer:

  1. Kjente at det begynte å prikke etterhvert i beinan ja😅 men han er jo så søøød, så det er vanskelig å la vær når han ser på mæ med dådyrøyan 😘

    SvarSlett
    Svar
    1. Og forresten takk for middagen😎 denne gangen var den iallefall ikke heilt brent haha

      Slett
    2. Haha,bra du likte den :)

      Slett